Sogn Grønt AS
  • Heim
  • Sesonginfo
  • Om oss
  • Nyheiter
  • Kontakt
  • Registreringsskjema
  • Heim
  • Sesonginfo
  • Om oss
  • Nyheiter
  • Kontakt
  • Registreringsskjema

​​     Sogn Grønt AS

Picture

​
​Sogn Grønt AS blei stifta i februar 2020, som eit felles bærmottak for alle bærprodusentar i Vik kommune. Selskapet kom til som eit samarbeid mellom Vangsnes Grønt, Fresvik kjølelager og Sognabær.
Sogn Grønt tek hand om alle industribær i kommunen, medan Sognabær tek hand om alle konsumbær. 
Selskapa har felles base på Vangsnes Fruktlager, og er ein av landets største leverandørar av bær, med prognosar på om lag 600 tonn i 2020-sesongen, fordelt på vel 40 produsentar, frå Vetlesand i Vest, til Simlenes i Aust.
Hovudproduksjonen er bringebær, men jordbær er og aukande, både på friland og i tunnel.
​Totalt er ca. 250 daa av bærproduksjonen i kommunen i tunnel.

​
​Vangsnes Fruktlager L/L vart bygd i 1958 av Vangsnes Fruktlag som var skipa i 1953. I gode frukthaustar på 1960-talet kunne fruktlageret ta imot 350.000 kilo eple og pære og 160.000 kilo bær.
Gartnerhallen tok over lageret i 1969. Men då Gartnerhallen ville leggje ned i 1990 og flytte alt til fruktlageret på Leikanger, kjøpte dei 160 fruktdyrkarane som sokna til Vangsnes-anlegget bygningane tilbake og dreiv vidare sjølve. 

​Vangsnes Grønt SA

Picture
​

​​Fresvik Kjølelager SA

Picture
​Fresvik kjølelager vart skipa i 1947 med frukt- og bærdyrkarar i Fresvik og Frønningen som aksjeeigarar. Kjølelageret vart teke i bruk i 1957. Både i 1981 og 1998 vart kjølelageret i Fresvik utvida og modernisert. 

​Botolv Hov bygde i 1958 privat fryseri for bær i Fresvik. Han og fem andre i bygda hadde skipa Fresvik Bærlag i 1956. 
​

​
​Bærdyrking i Fresvik har tradisjonar heilt tilbake til 1800-talet, då Hans Aksnes i Nærøyfjorden tok til å forhandle plantar for ein planteskule på Sørlandet. I Fresvik hadde han mange kundar for rips, stikkelsbær og solbær-plantar.

I Fresvik skipa 20 hageeigarar Fresvik Fruktsalslag så tidleg som i 1921. Organisert bærdyrking i Fresvik starta i 1953, og jordbærdyrking i stor stil frå 1963.
​
I 1966 og 1967 vart det dyrka like mykje bær i Fresvik åleine som i resten av Sogn og Fjordane til saman, og det lokale hagebrukslaget talde 60 medlemer. I 1969 produserte bygda 150.000 kilo jordbær og 10.000 kilo bringebær. Bæra frå fryselageret til Botolv Hov vart selde til konservesfabrikken Mor Monsen i Bergen.

Sognabær AS

Sognabær blei stifta i 2005, og er landets største produsent av bringebær til konsum. I dei siste åra er også jordbær blitt ein viktig produksjon for Sognabær, og i 2020 er det etablert 30 daa med jordbær dyrka i substrat på Table-top.
Glen Ample er einaste bringebærsort, medan Favori og Sonsation er hovudsortar i jordbær.

Meir info om Sognabær på http://www.sognabaer.no/
Picture
Sogn Grønt AS
​Vangsnesvegen 1008, 6894 Vangsnes
Telefon Gudvin: (+47) 9124 6724 
E-Post: post(@)sogngront.no
Våre kundar
Picture
Picture
Picture
Copyright: Sogn Grønt AS                                   Webmaster: post@sogngront.no                            Site powered by Weebly. Managed by SYSE